Leveringstid på alle bestillingar er opptil 14 dagar.

Veggbilete «Eit pust av eventyr»

  • 799,-
På lager.

Eitt pust, og frøa blir til fuglar.

Å blåse på ein løvetann og ønskje seg noko er ein gammal barneleik, og brettefuglen har lenge vore eit symbol på håp. Her møtest dei to. Bøkene under barnet minner om kvar eventyra kjem frå: frå historiene vi har fått lese, og som lèt fantasien flyge. Eit pust av eventyr er for draumane vi bar på som små, og for dei vi framleis har.

A3-plakat i ramme 40 x 50 cm.