VOIS Design

Litt om oss!


Kven er VOIS Design?

Chris F. Lunde
Grafisk design / Produksjon / 

Teknisk ansvarlig


Maren L. Meland
Produksjon / Styreleder 


LITT OM OSS:

Me er ein familiedriven bedrift frå Stord (Chris og Maren) som held på med grafisk design og lagar ein del forskjellige produkt, me starta hovudsakleg med plakatar (Kart med dialekt), og lot oss riva med når engasjementet vart så stort. 

 

Me er veldig stolte av heimstaden vår, og der kjenne vel mongen seg igjen?


KVIFOR VOIS DESIGN?

Navnet VOIS Design er eit såkalla abstrakt / "feilstava" navn med inspirasjon frå da engelska ordet Voice (som jo betyr stemma) - og er mykje i den banen me driv på med, i form av dialekt med ord og uttrykk.


ORD OG UTTRYKK

Med å bruka ord og uttrykk så vil me at ein skal kunna kjenna seg igjen i orda og utrykka. Da er ein lett blanding mellom eldre ord som vart mykje brukt før i tida, ord som er spesielle for den bestemte staden, og ord / uttrykk som vert brukt i daglegtale. Da er rett og slett kjekt med dialekt, og våre produkt passar kanskje deg sjølv, eller som gåve til andre? Me sett vertfall uendelig stor pris på alle som vel å handla hos oss!

Me utvidar stadigt med fleire plassar, målet er å få dekka store delar av Noreg - Me har starta med Sunnhordland, og utvida vidare til andre stadar i Vestland - så har me prioritert dei stadane der me har fått forespursel. Saknar du din plass? Send oss gjerna ein henvending, så hiv me oss kanskje rundt og lagar da!


DESIGN OG ARBEIDSPROSSESSEN

Alle designa me har er laga av Chris, som styrar den kreative prossessen og den tekniske biten.

Maren er ein del av den kreative prossessen og delaktig i delar av produksjonen.

Me har ellers veldig god hjelp frå familie om me treng noko hjelp. Sjekk gjerna ut Fim Design på Facebook (Som er Chris si mor (Anne Marie) sitt firma, der hu sel og lagar mykje forskjellige ting)

 

Litt om oss, og ta gjerna kontakt om da skulle vera noko!